Fresing av vegen til Tystigen har fått mange til å frese dei siste dagane. Truleg har det verbale støynivået lagt seg noko, ikkje minst fordi pinsa vart ei helg med dårleg ver med til dels mykje nysnø i høgfjellet. Hadde entreprenøren blitt ferdig med å frese vegen før pinse, ville vegen mest truleg likevel blitt stengd. Slik Geirangervegen vart fleire dagar på rad etter at han først var opna.

Når skisenteret gjekk optimistisk ut og fortalde gjestene sine at dei hadde håp om å opne til pinsa, førte det til at folk reiste langvegs frå for å køyre på sommarski. Så enkle er mekanismene. Difor er det farleg å love noko som helst før ein er heilt sikker. Det har sommarskisenteret teke sjølvkritikk på, sjølv om dei meiner dei hadde gode nok signal frå entreprenør på at vegen ville bli klar til pinse.

Alle veit at drift av sommarskisenteret er ein risikosport fordi ein er avhengig av kombinasjonen mykje snø, tidleg opning og godt ver for å kunne tene pengar. Pluss eit skisenter som held teknisk. Etter nokre år med vanskeleg drift som endte i konkurs, bestemte Idar Aaboen seg for å gjere eit nytt forsøk. All ære til han, for sommarskisenteret er ei særs viktig merkevare for turistkommunen Stryn. Ei merkevare og ein turistmagnet med store og positive ringverknader for alle. Men sommarskisenteret er avhengig av hjelp frå fleire enn vergudane for å kunne lukkast. Tidlegast mogleg vegopning for å få folk til fjells, er avgjerande for å strekkje sesongen maksimalt.

Vegvesenet og entreprenørane er viktig del av det samfunnsapparatet som skal til for å kunne drive skisenter på Tystigen. Samtidig skal vegvesenet tenkje sikkerheit både for eige mannskap og trafikantar. Til tider er det ein vanskeleg kombinasjon på vegen opp frå Videseter. Difor bør debatten om tidlegare opning frå aust takast opp på nytt, med friske auge og der gamle kjepphestar vert lagt til sides. Skal det vere realisme i betydeleg tidlegare vegopning, er tidlegare brøyting frå Grotli det sikraste å satse på.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør