Fredag fekk Fjordingen audiens i det flotte cruiseskipet Explorer of the seas som tilhøyrer rederiet Royal Caribbean. Det er første gong skipet besøkjer Olden, og ombord var 3.400 turistar. 2.600 av desse var engelskmenn.

Skipet starta turen frå Southampton, og kom til Olden via Rotterdam. Før dei set kursen vestover til England skal skipet besøkje Flåm, Ålesund og Stavanger.

Bli med ombord og sjå kva flotte fasilitetar dei reisande kan boltre seg i!

Alle foto: Roy Aron Myklebust