Pål Vonheim gjorde eit iherdig forsøk på å få utsett vedtaket som godkjende reguleringsplanen for Storesunde.

-  Dette er eit makkverk når vi ikkje får med dei mest attraktive bustadareala, hevda Stryn Ap sin ordførarkandidat.

Ifølgje rådmann Kristian Storevik var det berre kravet om kulturminneundersøking som gjorde at planen kom til kommunestyret.

– Denne saka har pågått i snart ti år. Mykje har skjedd på denne tida. Reguleringsplanen slik den ligg føre i dag, er forelda. Vi kan ikkje vedta ein plan som avskjer utnytting av dei beste tomtene på Storesunde, uttalte Pål Vonheim,

Ordførar Sven Flo hadde registrert ønskje frå grunneigarar for å få med nye tomteareal.

– Kan det skje uavhengig av denne planen, spurde Flo.

– Ja, og det kan skje i privat regi, svara Storevik. Som heldt fram:

– Hovudmålet med reguleringsplanen som no ligg føre, er ny vegtrase på Storesunde. Viss området skal utvidast, blir det krav om ny planprosess. Og då snakkar vi om handsaming i 2016. Ut ifrå rasjonelle omsyn vil det vere betre å lage ein eigen plan for område som ikkje er med i denne planen, konkluderte rådmannen.

Reguleringsplanen vart deretter vedteken mot Ap sine fire røyster.