Den trivelege kulturdagen ved Sagedammen søndag 5. juli, rommar aktivitetar for heile familien. Både auksjon, mannekengoppvisning og saueklipping, i tillegg til mykje anna underhaldning.SaueklippingKulturdagen finn stad ved Sagedammen på Ulvedal, langs Panoramavegen.– Sidan vi har fått så flott tribune, vil vi ha litt meir program enn tidlegare, seier Ann-Iren Ulvedal frå styret for kulturdagen.Med ull som tema er det naturleg å by på saueklipping, både på gamlemåten og på nyemåten. Oddvar «Norges herligste» Auflem kjem og deltek med si samling av sauesakser.

Auksjon og mannekeng– Vi har også ein stasjon der folk kan fylgje prosessen frå ull til strikk, seier Ann-Iren Ulvedal.Auksjon er alltid underhaldande, anten ein skal handle eller ikkje. Det blir auksjon under årets kulturdag, og arrangørane seier dei gjerne tek imot gamle ting til auksjonen.Mannekengoppvisning med vising av nye og gamle strikkakle vert det også, og her lovar arrangørane litt ekstra underhaldning.HønsebingoElles byr Kulturdagen på Nordsida på utstilling og sal av lokale ullprodukt, aktivitetar i bakstehuset, oppgangssag i drift, trebåtbygging, ansiktsmåling, toving hesteskokasting, gjærbakst, betasuppe og rømegraut.Og er du av dei som likar å gamble litt, så har du sjansen på hønsebingoen!