Eskil Kroken Nesje (20) frå Stryn er ein av lærlingane ved HS-bygg.

- Eg trivst godt som lærling ved HS-Bygg, og at dette er noko eg likar å arbeide med, seier han. Eskil starta på Stryn vidaregåande skule i 2010, kor han valde bygg og anlegg. Han fortsette året seinare med byggteknikk, for så å gå ut i lære etter ferdig fullført utdanning ved skulen.

Saman med resten av lærlingane, fortel Kroken Nesje at miljøet er svært godt ved HS-Bygg. - Her får vi ulike prosjekt å arbeide med kor ein både får prøvd seg innan ulike arbeidsområde, samt erfart korleis det er å samarbeide med andre, seier han.

Tysdag føremiddag stod nokre av listetoppane i Stryn kommune samla for å signere ei felles bodstikke for vidare satsing av yrkesfaglegutdanning i fylket. NHO står bak initiativet i ein landsomfattande kampanje.

- Norge treng fleire nye yrkesfagarbeidarar og handverkarar i åra som kjem. For å kunne rekruttere fleire elevar til yrkesfaga, og for å få fleire gjennom heile utdanningsløpet på skulen, må det norske arbeidslivet tilby fleire læreplassar til ungdom. Mangel på læreplassar er ein trussel mot læringsmodellen, som er eit spleiselag for utdanning mellom skuleeigar og arbeidslivet, seier representant for NHO, Christian Albertsen.Leiar for HS-Bygg AS, Knut Løvdal Stauri oppmodar dei norske politikarane til å ville satse endå meir på den enkelte yrkesfagarbeidar og hjelpearbeidarar.

- Kvaliteten på utdanning bør setjast framfor kvantitet, meiner han.