Per Bolstad plass står sentralt i prosjektet som omfattar heile Stryn sentrum - frå rundkøyringa i vest til Sentrumsgården i aust.Arbeidet er i gang, og arkitektane har knappe fristar fram til 1. oktober. I månadsskiftet august/ september blir det folkemøte.

Målet er at Per Bolstad plass skal bli ein magnet i Stryn sentrum. Det er hovudmålsetjinga for prosjektet som no vert drege i land med tidsfrist 1. oktober.

Første møtet mellom arkitektane som har fått oppdraget og den lokale prosjektgruppa, vart halde denne veka. Arkitektane er alt i gang med å samle informasjon og føreta turvande registreringar.Planarbeidet omfattar heile området frå rundkøyringa ved brua og inn til Sentrumsgården, men det blir i første omgang fokus på Per Bolstad plass og arbeidet med å gjere den meir brukarvenleg.– Det blir lite sommarferie på oss. Vi skal vere i Stryn nokre dagar for å samle informasjon og føreta registreringar. Meininga er at vi skal ha ein fysisk modell som skal presenterast på ei idemyldring i Stryn i månadsskiftet august/september. Endeleg dato er ikkje fastlagt, men det blir ein viktig dag der stryningane får høve til å målbære tankar og ynskje om framtida for Stryn sentrum, seier dei to.Innspela på den samlinga vil få avgjerande innverknad på arbeidet vidare, og målet er at arkitektane som har bakgrunn i mange liknande prosjekt mellom anna sentrumsutforming mot sjøsida i Ålesund, skal levere i veke 40. Det vil seie innan første oktober.

Det er gjort mykje grunnarbeid med tanke på sentrumsutvikling tidlegare. Dette er arbeid som vert stilt til disposisjon samstundes som dei utvalde skal sjå på infrastruktur, grunnstruktur og bygningsmasse med nye augo.– Det er eit fantastisk landskap kring denne tettstaden, og Stryneelva er ei perle, kunne arkitektane slå fast medan dei såg oppover Strynedalen.Det er viktig å ta vare på Stryn sin identitet , og at Per Bolstad Plass som fekk hovudfokus i diskusjonen, får ei funksjonell utforming.– Det har vore eit stort engasjement kring både Per Bolstad Plass og området i kring, sa plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal og understreka at sjølv om plassen er utgangspunktet er det viktig å sjå på heile sentrum med tanke på kommuneplanen som skal fram før utgangen av året. Det er også årsaka til at det no vert lagt opp til knappe fristar framover.– Vi må sjå kva som er bra i dag, og kva som kan bli bra framover, sa han.Beate Vik Hauge i Reisemål Stryn & Nordfjord oppmoda arkitektane om også å sjå på innfallsportane til Stryn sentrum. Dei er ikkje av dei vakrasteFå arkitektar kjenner sentrum betre enn Arve Ytre-Eide. Han understreka at sentrum er bygt på handel. Det er butikkane som har skapt sentrum, og etter kvart som det vert flytting austover dør sentrum i andre enden. Økonomi er heilt vesentleg i dette arbeiet, og vi skal vere glade for at vi fekk miljøgata. Han ynskjer at fleire buset seg i sentrum.– Det er viktig med ein grundig analyse, sa han og yngste lukke til med arbeidet samstundes som han understreka at det er mykje å ta tak i og det må vere økonomi i det som vert gjort.Benny Hammer representerte brukarane, mellom anna Ping Pong-klubben. Han understreka kor viktig det er at Per Bolstad Plass blir meir brukarvenleg. Store tilskipingar som Oktoberfestivalen og Motorfestivalen har mykje å seie for bygda.– Det er eit stort potensiale, men slik plassen er i dag er den rett og slett ikkje brukande, meinte han.Tanken bak Per Bolstad Plass var å skape eit levande torg i sentrum. Slik vart det ikkje, men no har vi sjansen gjennom det planarbeidet som starta for alvor tysdag.