Signe Gald (97) er opphaveleg frå Berle i Bremanger kommune, og vart seinare busett ute på Gald på Fjelli. No bur ho på Stryn omsorgssenter.

- Kva er årets ferieplanar?- Eg har planar om å vere på omsorgsheimen i Stryn, og slappe av.

- Kva inneheld ein perfekt sommardag for deg?- Ein perfekt sommardag er ein med fint vêr og kor det ikkje vert alt for varmt.

- Kva et du helst på denne tida av året?- Eg er glad i sild om sommaren, og kan sjå føre meg at det går ein del av det i sommar. Det er og viktig å få i seg rikeleg med væske, slik at ein ikkje vert dårleg. Difor anbefalar eg alle om å drikke mest mogleg vatn.

- Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Dei tek eg med meg ut på Fjelli, kor det er nydeleg utsikt innover fjorden.  - Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen? - Ein varm sommardag kor dei vaksne sov middag mens vi ungane var ute å bada.