Indre Nordfjord er mest kjend for laksefiske, men auren leikar i elvar og vatn og det er fisk i sjøen.

– Vi har mange fine fiskeplassar frå fjord til fjell, seier Per Ytre-Eide. Han er ivrig sportsfiskar og ein av dei som sel fiskekort i Stryneelva.– Laksefisket første dagane har mykje å seie for interessa vidare, men når det gjeld auresesongen, må ein vere tidleg ute om ein skal få kort, seier han.Holaksen fredaLaksefisket føregår i perioden 15. juni til 15. august. Resten av sesongen er berre sjøaure.Holaksen er freda og skal setjast ut i elva igjen. Her er det viktig å ikkje skade laksen, men sikre at den kan leve vidare sjølv om den har hatt ein tur inn til land.– Korleis ser vi skilnaden på holaks og hannlaks ?– Det kan vere vanskeleg tidleg i sesongen, men det er først og fremst hovudet. Hannlaksen har den karakteristiske kroken på underkjeven, og den blir meir og meir markant utover i sesongen, seier Ytre- Eide.Mange fine vatnHornindalsvatnet og Oldevatnet kan lokke med storfisk.Ein dorgetur på Oldevatnet kan gje fisk både på fem og seks kilo, og i Hornindalsvatnet går endå større fisk.Elveosen på Grodås og området ved Sundsbrua over Oldevatnet er fiskeplassar han har god tru på.Her er mange mulegheiter. Strynefjellet der Skjåk har største områda har fine fiskevatn. Dei fleste sel fiskekort, men i Lovatnet er fisket gratis.Fiskefestival på HjelleDei fleste har fiskeutstyr med, men dei tek gjerne ein tur innom sportsbutikkane for å spørje kva sluk som er best eller om dei skal prøve med fluge. Populært er det også med fiskefestivalen på Hjelle siste helga i juli.SjøfiskeMed indre Nordfjord som utgangspunkt kan ein nå gode fiskeplassar utover langs heile Nordfjorden, og «Isabella» i Olden går fisketurar på fjorden når nokon melder interesse.Beste tida for fangst er når det er sild og makrell i fjorden, men det er også andre fiskelag som bit på kroken.StorfiskRekordlaksen leikar i tankane på mange laksefiskarar, og rekordlaksen frå Oldeelva er i «glass og ramme» på Visnes Hotel. Den vart landa av Mr. Willis 12. august 1907. Laksen vog 28,2 kilo.At den no er tilbake i «heimbygda» skuldast Dag Olav Skrivervik. Ein kjenning kjøpte kopien i England, og tok den med til Norge. Etter kvart tok den for stor plass, og Skrivervik som er ivrig fiskar, fekk kjøpe den. Han har lånt den vidare til Visnes Hotel som hyser mange laksefiskarar gjennom sesongen.