- Gjennom «Aktiv Sommar 2015» skal deltakarane få oppleve nokre av dei frivillige organisasjonane vi har i kommunen, og kva aktivitetar dei har og tilby, fortel prosjektleiar Nina Øen.

Øen fortel at her stiller blant anna Markane Idrettslag opp med orientering og tursti, Stryn KFUK/KFUM med speidaraktivitetar, Stryn Motorsport Klubb, Veten hoppgruppe med fleire. Organisasjonane har med seg erfarne og dyktige instruktørar med god kjennskap til aktivitetane sine. Ein har og andre aktivitetar som baking, korps, fotball, bålfyring og kanopadling som ein kan vere med på.  Første dag er tysdag 21. juli, og aktivitetsdagane er tysdag, onsdag og torsdag i veke 30, 31, 32 og 33. Hovudbasen er hos Heimskringla på Stryn Kulturhus. Aktivitetane vil gå føre seg i Stryn og omegn. Talet på deltakarar frå 8 til 12 år er no klare:- 36 deltakarar påmeldt til veke 30.  - 35 deltakarar påmeldt til veke 31.  - 75 deltakarar påmeldt til veke 32.  - 141 deltakarar påmeldt til veke 33.

- Vi gler oss til å få gjort mange hyggelege aktivitetar i lag med deltakarane, og ønskjer alle velkomne, seier prosjektleiaren.