Kva er årets ferieplanar?- Reise rundt og besøkje venner frå folkehøgskule. Ellers ein harrytur innom Sverige, festivaler og jobb.

Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- Ein perfekt sommar er fullt med masse bra festivaler med bra artistar, og gjerne ein tur til eit land eg ikkje har vore i før.

Kva et du helst på denne tida av året?- Grillmat er alltids godt slik at ein kan lage mat ute og sitte ute, ellers så er det jo fint å gå litt oftare på restaurant en vanlig.

Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord?- Dei som besøker Nordfjord av mine venner, viser eg gjerne der eg bur først, Briksdalen og ellers den fine naturen vi har og dei vanlige turistplassane

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Vanskelig å kome på kva som er det beste barndomsminnet frå sommaren, men eg hugsa eg trivdes veldig godt når foreldra mine tok oss med på forskjellige fornøyelsesparkar. Og kanskje første gang eg var til Sverige når eg innsåg kor billig det var der i forhold til Norge.