Det viser bookinglista som vart ajourført i slutten av juni månad. Hamnedirektør Trond Garshol er godt nøgd. Han registerer at bygginga av nye cruiseskip skyt i veret og at over halvparten av dei som vert bygt, er på over 125.000 bruttotonn.

God utvikling

- Vi ser ei god utvikling i produksjon av store høgteknologiske og brukarvennlege skip. Då er det berre å håpe at desse vert sett inn i Nord-Europa, seier hamnedirektør Trond Garshol. Han viser elles til orienteringa om utviklinga av cruisetrafikken som vart gjeve av Jens Christian Skrede i Cruise Europe på styremøtet i Nordfjord Havn i mai.

75 skip

Olden får ein auke med 20 skip neste år. 55 skip legg til kai denne sesongen. Det er langt bak rekordsesongen 2013 då 92 skip vitja Olden  med i alt over 157.000 passasjarar. I år er passasjertalet totalt godt 96.000. Neste sesong vil det nå opp i 125.000.Britannia med ei lengde på 330 meter og 144.000 bruttotonn er i Olden fire gonger denne sesongen. Neste år kjem dei igjen heile sju gonger.

23 miiionar på cruise

– Korleis er utviklinga i cruisemarknaden og i bygging av cruiseskip?

– Her må eg vise til Skrede, seier Garshol.

På styremøtet viste Skrede mellom anna til at nye store cruiseskip  gjev eit auka press på havnene i å investere i riktig infrastruktur. Havnene er konstant på etterskot, opplyste Skrede.  Fleire og større skip går også til nye marknader, særleg Asia. 23 millionar menneske reiste på cruise i 2015, og det har vore sju prosent årleg auke sidan 1990. Over 30 nye skip er venta i perioden 2015-2019.

Problem med landstraum

Miljømessig er det eit enormt behov for landstraum.

– Maksimalt 10 prosent av skipa som går i Europa kan kople seg til landstraum. Svært få hamner tilbyr dette i dag. Det er klart at i Bergen med mange skip monnar det lite om berre eitt får kople til landstraum, seier Garshol. Eksosreinsing er i praksis blitt eit miljøtiltak som har teke mykje over.