Johan Eirik Meland (21) frå Stryn, er i desse dagar i Frankrike på treningssamling, der han fortel om ulike treningsfasilitetar samt god tempereatur.  Kva er årets ferieplanar?- Eg dro ein tur til Voss saman med kjærasten, på ekstremsportsveko. Der fekk vi prøvd fallskjermhopping samt rafting for første gong, noko eg tykte var kjekt. No har eg vore 1 av 4 veke i Chamonix på treningssamling. Her er supre treningsfasilitetar, flott natur, og til no meget god sommartemperatur. Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- Mykje godt vêr, som tilrettlegg alle dei sommaraktivitetane som er med på å gjere årstida perfekt.

Kva et du helst på denne tida av året? - Grillmat! Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Eg tek imot mange feriegjestar ved campingplassen vår ved Strynsvatn Camping. Eg anbefalra gjerne ein tur til Storskredefjellet, og vert med glede med på sommarskisenteret for ein runde på ski.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?-  Det må vere i frå då eg planta min eigen jordbæråker, og fekk dei beste jordbæra som ein kunne tenkje seg. Smaken satt både eg og turistane stor pris på.