Måndag starta ei spennande veke for ungdommar i Nordfjord. Teknoleir fior Ungdom er eit nytt ferietilbod til ungdom som ønskjer å aktivisere seg, samt lære om og med teknologi.

Dagleg leiar ved PRO Opplæringskontor, Jorunn Eide Kirketeig fortel at det vert i 2015 gjennomført to leirar på ei veke. Den første vart gjennomført i Førde, i juli månad, mens den andre vert gjennomført i Stryn, i august. - I Stryn er det førebels påmeldt seks personar, så det er det endå plass, seier Eide Kirketeig. Målet er å få gje eit tilbod omkring i heile fylket dei komande åra.

Miniversjonen av leiren vil verte tilgjenglig utover hausten, som eit fritidstilbod på fredagar og søndagar.

- For dei som kjenner at tilboda ved Vitensentera, liknar vårt tilbod på det ein finn i større byar på Vitensenter, seier Eide Kirketeig. Med det meiner Eide Kirketeig at dette er eit tilbod som ungdomen i vårt fylke og skal ha tilbod om.

Peter Myklebust (14) frå Måløy seier han er nøgd over å få vert med på eit slikt tilbod. Her på bilete er han i full gong med å designe ein bilmotor ved hjelp av digitale verktøy. Foto: Simen Gald