Turistmagneten Briksdalen opplever ein god sesong - trass minkane bre og dårleg ver.

- Briksdalen har mykje meir å by på enn breen, er den klare tilbakemeldinga frå både turistar og operatørselskap.

Per Briksdal på Briksdal Fjellstove seier seg nøgd med sesongen, sjølv om det enno er ei stund før han gjere opp status.

Rogeir Haugen i Oldedalen Skyss AS kan allereie melde om ny rekord når det gjeld tal på personar som har reist med dei 12 bilane (pluss ein i reserve).

Så seint som tidleg 2000-tal var heile vatnet dekka av is. Men framleis er det mange som søkjer inn til Briksdalsbreen. Foto: HaraldVartdal

- Dette blir tidenes sesong med over 50.000 passasjerar, slår han fast.

- Asiatar ser ut til å vere i fleirtal mellom turistane?

- Ja, vi har hatt ein eventyrleg vekst, spesielt når det gjeld kinesiske turistar.

Frå utsiktspunktet kjem ein nær dei veldige vassmassane. Foto: Harald Vartdal

- Kor lenge vil bilane gå i skytteltrafikk mellom fjellstova og breen?

- 17. oktober er siste bestillinga så langt. Men i fjor hadde vi turistar heilt til november, fortel Rogeir Haugen til Fjordingen.