Britt Pernille Frøholm (36) er frå Hornindal, jobbar som frilans musikar og er i dag busett på Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Ho vaks opp i Hornindal, og kom tidleg inn i folkemusikkmiljøet der.

- Frå eg var lita var eg så heldig å ha ein felespelande bestefar i same hus, og det var både spennande og inspirerande å høyre han spele og fortelje historier om slåttane sine og om felespelarar "innja fjorda" der han sjølv voks opp. Etterkvart som eg begynte på skulen var vi fleire som fekk lære å spele fele med Oddgeir Tomasgard og eg kom etterkvart med i både juniorspelemannslaget og spelemannslaget. Vi var mange på same alder som spelte den gongen, og vi reiste mykje rundt på kurs, kappleikar og andre tilstelningar, fortel ho om korleis det heile starta.

- Det var mykje moro, og dette la nok grunnlaget for at eg seinare tok musikkutdanning og bestemte meg for å bli musikar på heiltid. I dag er felespeling yrket mitt. Mykje av tida går med til å drifte dei ulike gruppene eg spelar i, i tillegg til ein del solistoppdrag eg har, fortel Britt Pernille.

- Korleis er det å spele konsert i omgjevnadane på  Liatunet?

- Liatunet er ei perle i Innvik. Eg spelte konsert i Liatunet med gruppa Boreas seinast i mai, og det er ein flott plass for konsert, med ei upåklageleg utsikt over fjorden. Dei har gjort ein god jobb med vedlikehald, og eg håpar så mange som muleg nyttar høvet til å få med seg ei omvisning der.

- Korleis er ei vanleg veke som frilans musikar?

- Ei vanleg veke i dette yrket er vel knapt nok lik frå veke til veke. I periodar med mykje turnéring er det mest jobb på kveldstid og i helgane, og køyring til og frå spelestader på dagtid. I periodar med færre konsertar går det mykje tid til låtskriving, arrangering og planlegging av både nye innspelingar og nye turnéar. Det er mykje praktisk som skal vere på plass før ein legg ut på turné både med økonomi og logistikk, så akkurat dette er ganske tidkrevjande.

- Kva er planane dine utover hausten?

- Både Boreas og MAAR kjem med plate denne hausten, så det blir ei travel tid framover med mykje konsertar.

- Kva gjer du på fritida?

- I eit yrke der ein styrer tida sjølv kan det vere vanskeleg å ta seg fri, men det er viktig å prioritere litt fri innimellom. Då reiser eg gjerne på hytta i Hennebygda eller på Strynesetra, eller ganske enkelt berre er i ro heime, seier Britt Pernille Frøholm, som no førebur seg til solokonsert i Liatunet under det tradisjonelle Sommartreffet seinare i dag.