Utbygginga av høgdebasseng i Hornindal for å sikre brannvatn til Ekornes Grodås og vere reservevasskjelde til abonnentane som er knytte til Grodås vassverk, ser ut til å vere ute av kontroll. Både når det gjeld tekniske spesifikasjonar og økonomisk. Det kom fram i kommunestyret i Hornindal førre veke. Her vart politikarane presenterte for ei ekstrarekning på 2 millionar kroner. Ein slik sum lagt oppå ein allereie budsjettert sum på 8,5 millionar, betyr ein prosentvis overskriding på nærare 25 prosent.

I møtet forklarte rådmannen at kommunen mangla nødvendig kompetanse då dei starta prosjektet. Difor måtte kommunen leige inn ekstern kompetanse både til utlysing og prosjektering. Når den kompetansen som vert brukt ikkje sit med lokalkunnskap og kommunen sjølv manglar kapasitet for å kontrollere eit så stort prosjekt, er det lett for at ting går gale.

Kva som har gått gale og på kva nivå, er vanskeleg å meine noko om. I kommunestyremøtet vart det blant anna hevda at det er vald unødvendig kostbare rør dimensjonert for høgare trykk enn nødvendig på delar av anlegget. Også andre tekniske detaljar vert påstått å vere lite gjennomtenkte.

260 abonnentar er knytte til Grodås vassverk. Desse betalar i dag ein av dei høgaste rekningane for vatn og avløp i landet. Ekornes har forplikta seg til å betale 2 millionar kroner i anleggsbidrag til høgdebassenget. Dei 260 abonnentane må betale restrekninga på 8,5 mill. Det vert i underkant av 33.000 kroner pr. abonnent, fordelt på mange års avdragstid, og tillagt rente.

Det er alltid uheldig når utbyggingsprosjekt sprekk økonomisk. Og det er særleg uheldig når rekninga vert fakturert innbyggjarane, krone for krone. Difor er det alltid viktig å ha kvalitetskontroll på prosjekt frå start til mål. Når det ikkje har vore tilfelle her, må kommunen finne ut av kva som gjekk gale. For å unngå at slike ting skjer på nytt.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør