- Stryn kan bli ein tettstad med karakter. Det seier Agustin Sebastian frå arkitektfirmaet Worksonland.

Firmaet er leigd inn for å gjennomføre analysar og utarbeide forslag til korleis ein kan få eit meir attraktivt og funksjonelt sentrum. Dette som ledd i kommunedelplanen som skal utarbeidast for Langeset-Stryn-Storesunde.

Heile torsdag, og store deler av fredag, var ulike brukargrupper samla i Stryn kulturhus for å gi svar på dei same spørsmåla: Kva er bra og kva bør bli betre i Stryn? Kva kjenneteiknar Stryn? Kvar ligg dei viktigaste plassane for deg i sentrum? Kva er viktig for at du skal busetje deg i sentrum?

Skuleelevar, pensjonistar, næringsdrivande, politikarar og andre interesserte viste stort engasjement, og viktige stikkord vart notert på gule lappar og strekar og kryss vart teikna inn på sentrumskartet som var delt ut til dei frammøtte.

Mange ulike grupper vart invitert inn for å ytre sine meiningar og gi innspel til sentrumsutviklingsprosjektet. Her frå folkemøtet torsdag.

- Det er veldig viktig å få desse innspela, og så ønskjer vi at folk sjølve skal kome med ideane. Alt må baserast på det stryningane sjølve tykkjer er viktig, seier Sebastian og Sjødahl. Dei står framfor ei tavle tettklistra med lappar. Her er det ytra ønskje om utekino, trampoline, gangstiar langs elva, bruer, badeplass -og mykje, mykje meir.

Fleire bustadar i sentrum

Landskapsarkitektane frå oslofirmaet ser eit stort potensiale i Stryn.

- Her finst mykje allereie, med all aktiviteten og alle funksjonane. Det handlar om å gi ein struktur som passar til det som er spesielt for Stryn, seier Sjødahl.

- Stryn kan bli ein tettstad med karakter, slår Sebastian fast. Dei har brukt mykje tid på å gjere seg kjent med alle gater og bygningar. Noko dei har oppdaga er at det finst fleire opne rom som kan utnyttast.

- Vi kunne tenkje oss meir bustadar inn i sentrum, seier dei to. Samstundes peikar dei også på mulegheiter for å opne opp einskilde parti ned mot elva. Sykkelstiar, grøntområde og lukking av gater er andre ting som vil bli sett på.

Per Bolstad plass er eit område som skal sjåast spesielt på. Sjødahl og Sebastian hadde med arkitektstudenten Liv Mari Oppebøen til Stryn for å hjelpe seg.

Tilbake med modell

Om berre halvannan månad er arkitektduoen tilbake i bygda, og då vil dei ha noko konkret å vise fram for stryningane.

- I oktober vil vi kome tilbake med ein modell av sentrum og analysar for korleis ein kan forbetre bylivet. Der håpar vi å vise fram mulegheitene, seier Sebastian. Innspela frå idédugnaden står sentralt i det arbeidet, og truleg vil fleire kjenne att sine forslag i noko av det som blir presentert.

– Men ikkje så mykje basert på ein person sitt innspel. Men når det finst fellesinteresser er det viktig, seier Sjødahl.