Sogndal 2 passerte Stryn på tabellen då dei vann 4-3 heime på Fosshaugane i går kveld. Det var Stryn som hadde den største sjansen i starten av kampen, men tre raske mål av Sogndal før halvspelt 1. omgang øydela for raudtrøyene.

Det første målet til Sogndal 2 vart laga av Fredrik Flo. Emil Allesøe reduserte til 3-1 før pause, men det hjalp lite då Peter Aase la på til 4-1. I 2. omgang var det eit kvassare strynelag som kom på bana. Karsten Bjelde og Mads Wie laga kvart sitt mål slik at sluttresultatet vart 4-3 etter ein spennande slutt på kampen.

Stryn ligg no på 6. plass, fire pooeng bak andreplassen på tabellen. Laurdag møter Stryn Spjelkavik heime.