Landslagshoppar Anders Fannemel er i rute før ein ny sesong. I morgon og søndag hoppar han i NM på plast i Granåsen. Landslagssjef Alexander Støckl har gjort klart at NM på plast blir kvalitetsrenn, og han trekkjer fram honndølen og Rune Velta som dei som har "vore med nokre år og har ansvaret"  i laget.

Fjordingen snakka med Anders i dag, og han er i rute og vel så det før ein ny sesong. Testane har vore gode.

- Kor sterk vekt legg du på NM på plast?

- Eg håpar å gjere det bra, men det er ikkje det viktigaste rennet i vinter. Denne veka har vi hatt samling i Trondheim. No skal dei siste bitane på plass i hoppinga, og vi skal sleppe noko opp på mengdetreninga. Kroppen er faktisk allereie litt friskare no enn for få veker sidan.

- Ting du har jobba ekstra mykje med i sommar?

- Eigentleg er det heile pakka. Det dreier seg om ei auke over heile linja. Eg persa bra på fysisk test i sommar og skal ha ny test no i slutten av oktober. Det fungerer bra, seier Fannemel som har vore på samling i Trondheim sidan tysdag.

- Kva skjer etter NM?

- I neste veke vert det litt presse-kick off i Oslo og trening før vi reiser til Oberstdorf på samling med trening i isspor og avslutning i plasthoppinga.

- Siste veka i oktober reiser vi på samling til Fuerteventura. Dette har vi god erfaring med. Det dreier seg om sol, restitusjon og det å få ut potensialet i kroppen. Når vi då kjem heim igjen, står bakken i Midtstua til disposisjon med "slush" i spora. Då får vi sjå kor mykje vi hoppar og kor mykje vi skal spare oss, seier ein offensiv Fannemel.