Stryn sikra seg to svært viktige poeng i 2.divisjonsoppgjeret mot Årstad. Ved full tid stod det 25-12 (10-15 ved pause) i heimelaget sin favør.  Vegard Aaland (17) vart kåra til Stryn sin beste spelar.

- Eg er godt fornøgd med innsatsen. Det er stor forskjell frå 3. til 2. divisjon, men no føler eg at det går betre og betre for kvar kamp, seier 17-åringen (blir 18 i mai) som noterte seg for fem scoringar.

Også trenar Marko Brezic var fornøgd.

- Vi var spente på kva lag Årstad ville kome med. Dei har toppscoraren i denne 2.divisjonsavdelinga og ein annan som held høg klasse. Men ingen av dei var med til Stryn. Når dei også kom med berre seks mann, forstod vi at dei ville få problem utover i kampen.

- I motsetning til oppgjeret i Bergen som enda 23-23, vart dette lett match?

- Ja, men slike kampar er ikkje lette når det gjeld å motivere spelarane.  Men eg tykte at dei takla det godt. Og poenga er svært verdfulle. Komande helg reiser vi til Bergen for møte Sotra og NHHI som ligg bak oss på tabellen.

- Du har tru på at Stryn skal halde plassen i 2. divisjon?

- Ja, vi ligg no på 8. plass med 16 poeng. Eg har god tru på at Stryn skal sikra kontrakt i 2.divisjon, seier Marko Brezic.

Stryn sitt lag med mål i parantes: Olav-Mathias FLo, Ivan Karabtic, Albert Fure, Kristian H. Stang (1), Vegard Aaland (5), Borna Haprovic (6), Runar Walaker (6), Anders Eikenæs (1), Gunnar L. Sigurdsson (1), Julian Hove (5).

Trenar Marko Brezic var svært nøgd med to viktige poeng. Foto: Harald Vartdal