Laurdag ettermidag møter Stryn serieleiar Træff på bortebane.

– Det blir sjølvsagt ein tøff kamp, men vi har trua. Træff er eit godt lag som spelte 2. divisjon i fjor og har starta godt i år. Vi er veldig klare for å vise oss fram mot ein god motstandar, seier trenar Johann Sigurdsson.

Etter tre tap på rad kom ein etterlengta siger i oppgjeret mot naborival Volda førre helg.

Stryn har så langt, etter sju serierundar teke ni poeng og ligg på 10. plass, medan laurdagens motstandar har berre gitt frå seg tre poeng og står med totalt 18.

Sigurdsson er ikkje heilt nøgd med opninga av årets beintøffe sesong, der berre dei fire øvste laga er sikra vidare plass i divisjonen.

– Vi har ikkje prestert så godt som vi forventa. Vi har mykje å gå på både offensivt og defensivt, seier strynetrenaren.

Her kan du følgje kampen live.