Dei tredje Honndalsleikane i friidrett vart arrangert laurdag i strålande ver.

Stemnet femna om aldersgruppa 10-16 år, og blant dei rundt 50 deltakarane var det utøvarar frå Hornindal og Stryn som dominerte startlistene. Men her var også deltakarar frå Oppstryn, Dimna IL (Ulsteinvik), Breimsbygda, Svelgen og Syril. Det vart vist ekte idrettsglede på friidrettsbana i Hornindal, og fleire av utøvarane kunne melde om både årsbeste og personlege rekordar.