André Haugsbø sette ny løyperekord i 38-km-løypa i Hornindal Rundt laurdag.

Trass i litt glatte løyper klarte han tida 4.22.04, noko som er om lag ti minutt betre enn tidlegare rekord.

- Løpet gjekk veldig greitt. Eg hengte meg på Lars Erik og storkanonene i tet som skulle springe heile løpet. Eg fekk litt krampe mot slutten, og måtte ta det litt med ro, men eg kom meg til mål, uttalte ein fornøgd Haugsbø etter løpet.

Langrennsløparen frå Gaular IL var første herreløpar som passerte mål ved Horndøla bru rundt lunsjtider. Andremann var Klaus Emil Øiseth frå Asker med tida 4.34.47.

Beste lokale løparar var honndølene Roger Lillestøl på 5. plass og Rasmus Haugen på 10. plass.

Bodil Ryste, Gaular IL, vann dameklassen blant dei som sprang 38 kilometer.

Blant 75-km- deltakarane er det førebels Malene Blikken Haukøy og Lars Erik Skjervheim som leiar blant damene og herrene.

Målgang for dei som fullfører heile løypa blir ved Honndalshallen laurdag ettermiddag.

HER kan du følgje direkte oppdatering av løpet.

Glede: Bodil Ryste frå Gaular ILvar tydeleg glad over sigeren i dameklassen på 38 km. Foto: Inge Fænn