Strynetrenar Johann Sigurdsson ønskjer seg litt meir heimepublikum, som kan støtte laget i det som kan bli ein spennande haustsesong.

I helga var det fleire som kommenterte at det var få frammøtte på Stryn stadion. Denne gongen kunne ein i alle fall ikkje skulde på veret.

– Vi har nesten berre lokale gutar på laget for tida. Vi treng støtte frå publikum, så det hadde vore kjekt med litt fleire folk på stadion for å heie på oss. Det treng vi. Vi har spelarar frå heile kommunen med gutar frå blant anna Innvik, Olden, Loen og Stryn. Vikane og Loen IL har gjort ein kjempejobb med aldersbestemte lag. Så kom og hei på laget neste heimekamp, oppfordrar Sigurdsson.

Komande laurdag står bortekamp mot Rollon på programmet, medan neste heimekamp blir mot Hødd 2 måndag 5. september.