Det vart ein meget spennande slutt på stafetten til herrelaget i skiskyting i Anterselva laurdag. Simon Schempp og Tyskland vann såvidt spurtoppgjeret mot Emil Hegle Svendsen og Norge.

Johannes Thingnes Bø sørga for at det norske laget tok over teten på tredje etappe. Stryningen fekk ned alle blinkane med eitt ekstra skot på liggande.

- Langrennsformen er bra. Riktig skivalg og litt revansjelyst prega løpet mitt i dag, sa Johannes Thingnes Bø til NRK etter stafetten.

- Ein fantanstisk etappe. Det kan tyde på at Johannes er på veg mot VM-formen. Er det noko Norge treng no, så er det ein Johannes i toppform, meinte NRK-kommentatorane om Markane-løparen.

Lars Helge Birkeland og Henrik L`Abée-Lund gjekk dei to første etappane for Norge.