Det vart ein skuffande norsk dag på herrestafetten i VM i skiskyting i Hochfilzen laurdag. 8. plass var status etter målgang.

Russland sikra seg til slutt stafettgullet føre Frankrike og Austerrike.

Ole Einar Bjørndalen starta med fullt hus, og deretter to ekstraskot på ståande. Han veksla med Emil Hegle Svendsen 30 sekund bak teten. Svendsen måtte bruke eitt ekstraskot på sin etappe, og sende Tarjei Bø ut på 3. etappen på 8.plass. Det var framleis håp om medalje då Tarjei fekk fullt hus på liggande. Men på ståande pådrog han seg ein strafferunde.

- Det var mykje bra i løpet, men når ein sprekk slik på standplass, blir det katastrofalt, sa Tarjei til NRK etter løpet. Sjølv om han gjekk tøft i sporet for å henge på tyske Peiffer, meinte han at problemet mest sat mellom øyrene.

Han veksla med ankermann Johannes Thingenes Bø på 8.plass halvtanna minutt bak teten. Johannes måtte ha to ekstraskot på liggande, men avslutta med fullt hus på siste.

- Det vart eit kjedeleg utgangspunkt, og det vart for langt opp i dag. Det går også litt på utstyret, meinte Johannes etter løpet og sikta til skia. Han peika på at det norske laget hamna langt bak i sporet sjølv utan ekstraskot.

- Det vart for dårleg i dag, og det var ikkje berre skia som var problemet, uttalte landslagstrenar Egil Kristiansen.

- I dag var ikkje det norske laget heilt på. Ingenting klaffa. Ein svart dag for norsk skiskyting, oppsummerte kommentatorane på NRK.