Johannes Thingnes Bø tok sitt tredje sølv i VM i skiskyting søndag. Han hang med i teten heile fellesstarten med tre fulle hus. Stryningen fekk ein bom på siste skyting.

Med ein imponerande rask sisterunde klarte han å gå forbi Simon Eder, og gjekk i mål på andreplass ni sekund bak vinnaren Simon Schempp frå Tyskland.

- Ein fantastisk sisterunde, akkurat som han planla det. Han er meisterskapen sin ubestridde sølvgut, meinte fornøgde kommentatorar på NRK.

- Eg er veldig fornøgd. Når det vart kamp om VM-medaljane, måtte eg gå alt eg hadde, sa ein endå meir fornøgd Johannes etter løpet. Han takka alle dei norske supportarane som hadde møtt opp, og fekk kasta blomsterbuketten opp til pappa Klemet Bø på tribunen.

Tarjei Bø var også lenge med framme i tetgruppa, men fekk totalt to bom på dei to siste skytingane. I mål gjekk han inn til ein 14. plass. Nok ei bra plassering med tanke på sjukdomen denne sesongen.

- Eg er veldig stolt over broren min, og det han har gjort her i VM, sa Tarjei til NRK etter løpet. For sin eigen del er stryningen eigentleg veldig fornøgd med meisterskapen.

- Eg har vore med å prega renna nesten heilt til slutt. Eg er veldig glad for å vere frisk att, meiner Tarjei Bø.