Johannes Thingnes Bø tok eit suverent gull på NM- sprinten i Mo i Rana fredag.

Stryningen bomma berre ein gong, og gjekk i mål i einsam majestet. Han vann 48,8 sekund føre Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde, som sikra seg sølvmedaljen. Bronsen gjekk til Vetle Sjåstad Christiansen. Tarjei Bø er sjuk, og gjekk ikkje sprinten.

Andre lokale resultat:

49. plass: Jarle Midthjell Gjørven, Markane IL (0-1)

53. plass: Johan Eirik Meland, Markane IL (1-2)

72. plass: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL (0-1)

141. plass: Aksel M. Meland, Markane IL (1-2)