Handballherrane til Stryn er klare for spel i 2. divisjon neste sesong.

Laget kunne sleppe jubelen laus etter at dei vann 25-32 i bortekampen mot Norrøna laurdag ettermiddag. Pauseresultatet var 13-16 til Stryn, i følgje rapportane til Stryn Handball frå Haukelandshallen. Leon Pavlovic med 11 mål og Julian Hove med 7 mål sette inn flest ballar for stryningane.

Herrelaget til Stryn måtte sikre seg eitt poeng i løpet av to kampar i Bergen i helga for å sikre opprykket frå 3. divisjon. Den oppgåva klarte dei med glans.

- Det var ein jobbe- og slitekamp der Norrøna var flinke til å få kampen i sitt tempo. Stryn var i front heile kampen, men sigeren var ikkje sikra før sju-åtte minutt før slutt. Det var kjekt med mange stryningar på tribuna, det var nesten som å spele heimekamp, seier ein fornøgd lagleiar Johnny Hove.