Markane IL-løpar på pallen

Johan skaut seg til 3. plass under DNB-cup i skiskyting

På pallen Johan Eirik Meland skaut seg til pallen under DNB-cup i skiskyting laurdag.Foto: Roy Aron Myklebust (Arkivfoto)

Sport

Markane IL / Team Intersport Oppdal-løparen Johan Eirik Meland skaut feilfritt og gjekk i mål to fattige minutt bak vinnaren i seniorklassa under DNB cup i skiskyting på Lygna på Toten. Det sikra Meland ein tredjeplass laurdag.

- Eg har kjent meg god på skytinga i det siste, så eg følte det var på tide å skyte 20. Det gjorde godt å få ut potensialet, og at det vart tredjeplass i tillegg var bonus, seier Meland, som har ein sjetteplass frå Holmenkollen i fjor som beste resultat som senior.

Sjølv om det var den feilfrie skytinga som berga pallplassen meiner Meland at også den fysiske forma begynner å bli veldig bra.

- Det er eit stykke opp til Bjøntegaard på vinnarplass, men han er jo på elitenivå og kanskje den som går best i sporet etter Bø og Svendsen. I høve dei eg trenar og samanliknar meg med, så gjekk det veldig bra, seier Meland.

Meland føler at i sin tredje seniorsesong byrjar han no å hauste litt frukter av alt treningsarbeidet som er lagt ned, og håpar på fleire topplasseringar.

- Det betyr vanvittig mykje for motivasjonen. Eg har vel akseptert at eg ikkje er god nok for å konkurrere internasjonalt i år, men får kanskje kome til neste neste år, seier Meland, som skal på hytta og sjå verdscupløpet med Bø-brørne i reprise.

Med totalt tre bom på fire skytingar kom bror og lagkamerat Aksel Mathias Meland inn på tida 43:25:3 i klassa M19 med 65 deltakarar.

5. plass Aksel Mathias Meland i klassa M19.Foto: Thomas Thaule (Arkivfoto)

Det heldt heldt til ein femteplass for 19 åringen laurdag.

I same aldersklasse gjekk Vegard Skrede i Hardbagg IL inn på ein 20. plass.

Det var fleire frå Stryn og Nordfjord som tok del i skiskyttarcupen i Lygna. I M18 klassa gjekk Markane IL-løparen Simon Hjelmeset Kirkeeide inn på ein 13. plass. I M17 klassa gjekk klubbkamerat Magnus Midthjell inn på ein 23. plass laurdag.

DNB Cup held fram med sprint på Lygna søndag