Anders Fannemel fekk endeleg klaff i hoppbakken igjen etter og kjempa heilt i toppen i dagens skiflygingsrenn i Planica.

Honndølen låg på 7. plass etter 1. omgang etter eit hopp på 230,5 m. Ekstremt stabile Kamil Stoch låg på 1. plass etter å ha hoppa 245 m, framfor Robert Johannsson med same lengde. Johann Andre Forfang låg på tredje etter eit hopp på 242 m.

I andre omgang strekte Fannemel seg til 233 m med tre gongar 18 i teljande stil.

- Kjempekonkurranse av Fannemel i dag, det var deilig! sa NRK sin ekspertkommentator Johan Remen Evensen etter at det var klart at honndølen gjekk inn i leiinga. Og der vart han verande, heilt til Stefan Kraft, som låg på 4. plass etter første omgang, tok over leiinga etter eit hopp på 234,5 m.

Johann Andre Forfang, som vann kvalifiseringa, hoppa same lengde som Kraft og gjekk inn 9,2 poeng framfor den austerrikske hopparen. Robert Johansson landa på 227,5 og gjekk inn på plassen framfor Fannemel, medan polske Kamil Stoch med 234 m kunne hanke inn endå ein siger, 3,7 poeng framfor Forfang.

Dermed vart det 5. plass på Anders Fannemel, 5,7 poeng bak Robert Johansson og 9,9 poeng frå ein pallplass.

I morgon er det lagkonkurranse, men då hoppar ikkje Fannemel.

- Det var eit vanskeleg val, eg tykkjer Fannemel har levert veldig godt i dag. Men vi satsar på det laget som vann førre helg, sa landslagstrenar Alexander Stökl til NRK rett etter rennet.