Det kan bli så mange som 1900 deltakarar i årets Skåla Opp komande laurdag dersom veret slår til, seier løpsgeneral Erik Brendefur til Fjordingen. Dermed kan det liggje til rette for rekordoppslutning om Loen sin store folkefest.

-Allereie fredag kveld skal vi som vanleg ha kick-off med dei beste løparane på plass. Vi reknar med at  200-300 møter opp på det som er eit triveleg motivasjonsmøte kvelden før den store dagen, seier Brendefur. Han legg til at det vert veldig spennande kven som vinn i år. I herreklassen stiller både tyrkiske Arslan og Jonathan Wyatt frå New Zealand. I dameklassen er fjorårsvinnar Bjerkreim Nilsen med,  saman med spanske Orgue som har vuinne alt ho har stilt opp på i år. Italienske Gaggi vil nok også melde seg på saman med fleire andre.

- Noko store endringar i forhold til i fjor?

- Det viktigaste er vel at barne- og familieturen til Tjugen seter i regi av Sparebanken Sogn og Fjordane i år blir arrangert laurdag, same dagen som Skåla Opp. Dette for å skape meir blest om denne delen av arrangementet, seier Brendefur.

Elles  startar mosjonistane som tidlegare før konkurranseløparane:

- Det er veldig bra om mosjonistane startar så tidleg at dei fleste kjem til toppen før konkurranseløparane når dei att. Det skaper god stemning å møte heiarop opp mot toppen. Det er viktig at alle gjev konkurranseløparane plass i stien når desse passerer. Elles må vi alle ta vare på naturen og såleis ta med vårt eige søppel.

Brendefur ser med stor spenning fram til løpet. Han minner om samlingsplassen i startområdet der NRK Sogn og Fjordane "streamar" løpet på storskjermar frå Skålavatnet og toppen.

Funksjonærane, opp imot 200 i talet er uunnverlege. Loen Idrettslag, Bergen og Hordaland Turlag og Olden Raude Kross er gode samarbeidspartnarar. Sistnemnde stiller med godt 20 personar, og dei har stand på alle dei fem drikkestasjonane opp mot toppen. Brendefur nemner også særskilt grunneigarane på Tjugen sin store velvilje der dei stiller grunn til disposisjon, mellom anna for parkering.