Søndag 5. oktober spelar Stryn sitt damelag i 2. divisjon heimekamp på Stryn stadion, mot Verdal.

Styreleiar i Stryn Fotball, Torstein Tvinnereim vil at denne kampen skal bli norges mest besøkte damekamp, uansett nivå denne sesongen.

– Vi må ha minst 513 tilskodarar på Stryn  stadion denne dagen. Eg har registrert at 512 tilskodarar på kampen Grand Bodø og Klepp er rekord i år.

–Eg har lufta saka på facebook og fekk på kort tid respons frå 80 som vil kome. Jentene har hatt ein tung sesong i 2. divisjon, men held humøret oppe. Dei fortener ein skikkeleg hyllest i form av eit stort publikum. I tillegg skal det vere musikk og underhaldning.

– Er det verkeleg muleg å slå rekorden?

– Kvifor ikkje. Det er mykje som «ikkje går an» elles i landet, men som går an i Stryn.