Handballdamene til Stryn tapte 30-23 mot topplaget Fylllingen i 2.divisjonsoppgjeret i Strynehallen laurdag kveld. Ved pause leia gjestane 15-8.

- Vi møter eit godt lag. Kampen viser at Stryn har eit stykke opp til Fyllingen sitt nivå. Men vi skal jobbe knallhardt for å kome dit, seier trenar Kristinn Gudmunsson. Som let seg begeistre over publikumsoppmøtet og steminga i Strynehallen.

- Det er kjekt å spele når vi har ei så fin ramme rundt kampane, slår han fast.

Ingrid Flo var ein av dei markante spelarane til Fyllingen. Ho rosa sine tidlegare lagvenninner.

- Stryn har teke store steg sidan eg spelte på laget, seier 20-åringen.