Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal spring berre raskare og raskare. I Karmøy Maraton i helga vann han suverent klasse menn 60-64 år på tida 3,34,38 med fem menn i klassen. Dette er Haugen si beste notering sidan 2004.

Honndølen kviler ikkje lenge på laurbæra. Allereie komande laurdag skal han delta i 24-timarsløpet på Bislet, eit ggantisk løp som vert arrangert for 8. gong. Det er opna opp for påmelding av 140 løparar. Bana, som er 546 meter lang, er innebygt med ein stabil temperatur. For kvar sjette time vil løperetninga bli skifta. Det er berre å ønskje jernmannen frå Hornindal lukke til.