Anders Fannemel leverte strålande innsats då verdenscupsesongen vart innleia med lagkonkurranse i Klingenthal. Den norske kvartetten Rune Velta, Anders Jacobsen, Anders Fannemel og Anders Bardal kom på 3. plass. bak  suverene Tyskland og Japan på andreplass.

Anders Fannemel som hoppa i tredje pulje, leverte eit godt første hopp på 136 meter. I andre omgang klinka han til med 144 meter - berre 2,5 meter bak bakkerekorden.

I morgon går det individuelle rennet, der honndølen etter dagens innsats stiller i favorittgruppa.