Anders Fannemel kom på 2. plass i dagens hopprenn i russiske Nizhny Tagil. Etter Kofler sitt nesten-uhell vart andre omgang avlyst på grunn av vindforholda. Dermed vart første omgang gjeldande som endeleg resultatet. Med 135 meter enda honndølen 2,4 poeng bak vinnaren Severin Freund.

- Ei veldig solid helg av Anders Fannemel med to strålande renn. Han er stinn av sjølvtillit om dagen, og gler seg nok til neste renn, meinte kommentator Johan Remmen Evensen på NRK.

No set Anders Fannemel kursen for Sveits med den gule leiartrøya på seg. Han leiar klart verdscupen i hopp samanlagt.