Johannes Thingnes Bø og storebror Tarjei sikra bronse i mix-stafett, den første øvinga i VM i skiskyting i Kontiolahti, torsdag kveld. Dermed fekk brørne frå Stryn og Markane IL oppleve å gå på pallen saman for første gong i ein internasjonal meisterskap.

Fanny Welle-Strand gjekk første etappe i mix-stafetten. Etter feilfri skyting både på liggjande og ståande, sendte ho Tirill Eckhoff ut på 6. plass, 29,8 sekund bak Tsjekkia på 1. plass.

Eckhoff gjorde ein sterk førsterunde og gjekk seg opp til 3. plass etter feilfri første skyting. Men på ståande skyting vart det mykje bom. Eckhoff måttte ta i bruk alle ekstraskota og pådrog seg likevel ein strafferunde. Ho sendte Johannes Thingnes Bø ut på 6. plass, 1,32 minutt bak Kviterussland som leia.

Johannes sette stor fart i sporet og leverte to raske, feilfrie skyteseriar. Dermed gjekk han Norge opp til 3. plass og sendte storebror Tarjei ut på fjerde etappe 44,9 sekund bak teten.

Tarjei leverte varene slik Johannes gjorde. Med to feilfrie skytingar og god fart i sporet sikra han norsk bronsemedalje, 27,7 sekund bak Tsjekkia som vann og 7,5 sekund bak Frankrike som tok sølv.

Etter stafetten gav heile laget uttrykk for at dei var nøgde med bronse i første VM-konkurranse.

- Vi går alltid for gull på stafettene, men bronse er også kjempebra og vi kunne lett blitt nr. fire i dag, så vi er veldig glade for medaljen, sa det norske laget etter konkurransen.

Fjordingen snakka med far Klemet Bø før mix-stafetten. Han var klar på at mange av laga var gode, og at det skulle mykje til for at Norge skulle ta gull.

- Både Tarjei og Johannes gler seg over å gå saman for Norge på mix-laget. Dette er første gong dei går saman i ein meisterskapsstafett, så dette er stort for begge, kunne Klemet Bø fortelje. Sjølv såg han mix-stafetten på Ullsheim, saman med sponsorar av Markane Idrettslag.