Herrelaget til Stryn er klare for opprykk til 2. divisjon. Dette var eit faktum etter at laget vann bortekampen i 3. divisjon handball 24-28 mot BI i dag.

Før helga meinte ein at tre av fire bortepoeng måtte til for å klare opprykk. Men sidan Os tapte to poeng til Eid på grunn av ulovleg bruk av spelar, var to poeng nok til opprykk. Dermed stod jubelen i taket i Fantoft Idrettshall i Bergen etter den viktige sigeren. Både hos spelarane og dei mange tilreisande stryningane og «bergens-nordfjordingane» som hadde møtt opp. Det var så mange som heia på bortelaget, at det nesten var som å vere på heimebane, fortel lagleiarane.

Dette var ein godt gjennomført kamp. Stryningane leia heile kampen, og ved pause var stillinga 14-18. Herrane til Stryn var oppe i sju mål halvvegs i 2. omgang, fortel leiarane.

Dei som spelte på Stryn var: Olav Mathias Flo, Kristian H. Stang, Andreas Flo Tonning (1), Vegard Aaland, Kenneth Aaland (1), Odd Henrik Berge, Anurathan Velalakan (5), Anders Eikenæs (3), Runar Walaker (3), Julian Hove (7), Gunnar Sigurdsson (8).

Søndag avsluttar herrelaget ein kjempesesong med bortekamp mot serieleiar Viking 2.