Tarjei Bø gjekk inn til andreplass under fellestarten for menn i NM.

Vinnaren vart Henrik L`Abée Lund. Etter to feilfrie seriar på liggande, vart det to bom på nest siste skyting. Då alt skulle avgjerast på siste ståande, skaut Tarjei fullt medan Lund bomma to gonger. Utfrå siste skyting var Markane-løparen berre 11 sekund bak mannen i tet. Men Lund hadde meir å gje på sisterunden, og var 23 sekund føre Bø i mål.

Markene-løparane Jarle M. Gjørven vart nummer 47 og Georg Halsteinslid nummer 54, begge med fem bomskot kvar.

Erlend S. Myklebust, Stårheim IL, som er elev ved Stryn vidaregåande skule, enda på 51.plass.