Sør-Trøndelag med ankermann Emil Hegle Svensen vann NM-stafetten i Sirdal i dag.

Dei to laga til Sogn og Fjordane stilte utan dei aller sterkaste løparane sine, og enda på 17. og 27. plass.

På førsteetappe fekk ein i alle fall ein av dei omtalte brødreduellane, med Jarle M. Gjørven på førstelaget og veslebror Håkon M. Gjørven på andrelaget. Jarle vart liggande halvtanna minutt bak ut frå første skyting, etter at armreima gjekk i stykker før første skyting. Dermed måtte han skyte utan reim. Men begge Markane-løparane fullførte etappane med å få ned alle blinkane sine, og ved veksling var eldstebror Jarle 21 sekund føre Håkon.

På neste etappe gjekk Ole Martin Erdal på førstelaget med fullt hus, medan Ronny Hafsås på andrelaget pådrog seg ein strafferunde.

På tredje etappe gjekk Johan Eirik Meland førstelaget opp til ein førebels 13. plass med alle blinkar nede, og også Georg Halsteinslid på andrelaget skaut fullt. Sidan Tarjei Bø ikkje starta, stilte Erlend Myklebust opp på sistesløyfa for førstelaget. Ein sporty Hermann Erdal stilte opp og gjekk siste etappe for andrelaget. I mål var førstelaget 4,5 minutt bak vinnarane frå Sør-Trøndelag.

Dermed avslutta dei ei lang NM- helg og ein lang skiskyttarsesong i Sirdal.

To stryningar på andrelaget til Sogn og Fjordane under stafetten i NM i Sirdal. Dei vart nummer 27. Hermann Erdal stilte sporty opp. Georg Halsteinslid (I midten) saman med Håkon M. Gjørven til høgre. Ronny Hafås gjekk også på laget. Foto: Team Statkraft Nordfjord