Hornindal I.L. Volley tok ein god 11. plass i NM U17 i Bodø i helga.

I kampen mot Hinna var det aldri tvil om at Hornindal ville gå av med sigeren. Laget har spelt seg godt opp etterkvart som turneringa gjekk framover. Hornindal framstod som eit godt og stabilt lag.

I puljespelet enda laget på 3. plass ette siger over Bodø, og tap for Tønsberg og Volda. I 1/8 finalen møtte vi Blindheim som til slutt enda i finalen. Hornindal var godt på høgde med Blindheim og hadde sett-ball i første sett. Settet enda 28-26 til Blindheim. I 2. settet gira Blindheim om og vi tapte 25-16.

Etter tap 2-1 mot Kristiansand Sandvolleyballklubb (12-25, 25-8, 15-10) enda vi i midtre plasseringspel.

Trenar Nils Paul Haugen er godt fornøgd med gutane sin prestasjon og arrangementet elles, både på og utanfor bana. Ei stor takk til Bodø Volley for eit godt gjennomført NM.

Hornindal var eit av dei heldige laga i høve til å kome seg til Bodø. På grunn av snøkaos på Gardersmoen vart flyplassen stengt på fredag, men vi var det siste flyet som fekk ta av før det vart stengt. Førde Volley stranda i Bergen og kom seg ikkje til NM. Austrått kom seg til Oslo, men måtte ta buss frå Oslo til Bodø, og kom ikkje fram før dagen etter arrangementstart, fortel leiarane for laget.