Stryn fekk ein tøff start mot Herd på ein kald ettermiddag på Stryn Stadion.

Etter berre nokre minutt fekk dei 0-1 midt i fleisen etter ein noko slepphendt strynekeeper. Dette resultatet vart ståande til pause, etter ein jamn 1. omgang der begge lag skapte fleire gode sjansar.

Ein god rast i garderoben gjorde visst underverk etter sludd og vind på stadion. Fem minutt ut i 2. omgang utlikna Vegard Sæten Hopland etter corner. 1-1 og spenning i kampen. Ti minutt seinare førte Petter Hammer heimelaget opp i 2-1. Meir jubel på tribuna. Erling Tenden Myklebust sette inn 3-1 etter 70 minutt.

Gjestene hadde lite å by på utover 2. omgang, og stryningane sikra seg dermed sin første siger for sesongen. Heimelaget var det førande laget, og fekk tre fullt fortente poeng i oppgjeret i 3. divisjon.