Stryn Fotball med John Os i spissen, inviterer alle bedrifter til fotballturnering 13. juni. Invitasjonen går til Nordfjord og deler av Sunnmøre.

Det skal leggast opp til ein aktiv sosial dag med innleiande runder og sluttspel i sjuarfotball for damelag, herrelag og mix. Middag og prisutdelingar inngår i opplegget, opplyser Stryn Fotball.