Takka vere to scoringar av Mads Wie i 2. omgang, redda Stryn det eine poenget i 2-2 kampen mot Florø 2 på Florø stadion i dag. I omgang var lite å skryte av for dei raud-kvite.

- Det virka som vi hadde problem med å ha ballen i laget. Det var lite bevegelse, og vi missa med ein gong. Dette betra seg raskt etter at Florø 2 gjekk opp til 2-0, seier strynetrenar Johann Sigurdsson.

Stryn hadde også eit skot i stolpen fire minutt på overtid ved Vegard Hopland som kunne sikra alle poenga. Det var tidlegare strynespelar Kim Vik som laga Florø 2 sine mål.