Ei strøken grasmatte ventar spelarane  som i dag skal kjempe om viktige 3. divisjonspoeng på Stryn stadion. - Her kan spelast fin fotball. Så alt ligg til rette for ein god kamp når Stryn møter Skarbøvik, slår Jon Einar Aaberg fast.

Grasmatta på Stryn stadion har fått mykje "juling" på grunn av det dårlege veret i april og mai.

- Spesielt kampen mot Herd gjorde stor skade. Men no har det blitt mykje betre, seier Jon Einar Aaberg, ein av dei trufaste støttespelarane som gjer ein uunnverleg jobb for Stryn Fotball.

Før denne serierunden ligg Stryn på 7. plass med 9 poeng. Skarbøvik som gjennom mange år har vore nest beste klubb i Ålesund, fylgjer på 11. plass med 5 poeng.