Stryn vann 2-1 over Skarbøvik. Begge heimelaget sine mål kom i opningskvarteret, medan gjestane frå Ålesund reduserte tre minutt på overtid.

- Etter den gode opninga datt vi litt nedpå, men hadde full kontroll og burde scora fleire gongar. Ingen stor kamp frå vår side. Det er gledelege er at vi fekk tre fortente poeng, oppsummerte trenar Johann Sigurdsson.

Stryn tok kommandoen frå avspark. Vegard Hopland sørga for 1-0 då han pirka ballen over målstreken etter at eit frispark frå Karsten Bjelde hadde gått i  stonga. - Ikkje det vanskelegaste målet eg har scora, men  mål er mål, smilte Stryn sin ruvande midstoppar.

Mads Wiie la på til 2-0 etter glimrande innlegg frå Stian Sandal. - Dette målet var ferdigscora. Eg hadde berre å setje hovudet på ballen, uttalte Stryn sin goalgetter.

Skarbøvik hadde lite å by på av offensiv fotball. Men ein gong fekk keeper Simen Lillevik Kjelllevold synt si klasse då han avverga med glimrande beinparade. Reduseringsmålet kom etter horribelt forsvarsspel. Noko som irriterte trenar Sigurdsson. -  Vi har snakka mykje om kor viktig det er å halde nullen i kampar som vi styrer.  Denne gongen såg det ut til å skje. Difor ergrar det meg at vi skulle sleppe in mål langt på overtid. Her må vi skjerpe oss, slo han fast.

Justinas Busmic vart av ein jury kåra til Stryn sin beste spelar.