Hornindal IL sitt Gutar 14-lag vann torsdag kveld kvartfinalen mot Sund SK. 2-1. No er dei klare for semifinale i dag mot Gurskøy i B-sluttspelet.

Gutane jubla stort etter Sund-kampen, men var veldig slitne. Det stod 2-0 til pause, etter scoringar vedBendik Hofseth og Håvard Kroken. Under 10 minutt før slutt vart detredusering, og motstandarane fekk tru på utlikning. Men den komikkje. Honndølene hadde bestemt seg for at dei ville vidaretil semifinale.

Osloopphaldet vert dermed noko lengre enn deitrudde, men både spelarar, trenarar og foreldre hadde ingenting i mot det. Heiagjengen er også stor, med mange utflytte honndøler på sidelinja.