Tarjei Bø synte under Blinkfestivalen at  han er i god fysisk form. I det knallharde 7,5 kilometer lange løpet Lysefjorden opp i går vart han beste nordmann på fjerdeplass i konkurranse med mange av dei beste langrennsløparane og skiskyttarane nasjonalt og internasjonalt. I dag kom han på andreplass på fellesstarten i skiskyting med rulleski, men berre 1,8 sekund bak vinnaren Marin Fourcade. Lars Helge Birkeland vart nummer tre og Johannes Thingnes Bø vart nummer seks.

Tarjei måtte totalt gå fem strafferunder på dei fire skytingane. Då seier plasseringa litt om kapasiteten på rulleski. Totalt vart det to gode dagar i Sandnes.

- Eg har fått trent hardare enn nokon gong før denne sesongen. Eg har bra motor og god kondisjon etter eit godt opplegg. Skytinga får vi svar på i ettermiddag , sa Tarjei då han snakka med Fjordingen tidlegare i dag.

Johannes har også all grunn til å vere nøgd:

- Eg kom seint i gong med treninga, men no er formen stigande, sa han.

Neste helg kjem begge to til Stryn sentrum for å slå eit slag for "Spenning i sikte". Dette er ein inspirasjonsturne som Tora Berger og superteamet hennar har for å ta neste års VM i skiskyting i Holmenkollen ut til folket og ikkje minst dei unge.