Stryn spelte uavgjort 1-1 borte mot Bergsøy i haustpremieren laurdag kveld. 160 tilskodarar såg kampen på Havila stadion i Fosnavåg i fint spelever. Etter spel og sjansar var resultatet greitt. Begge lag hadde sine gode periodar.

Stryn tok leiinga i det 19. minutt då Frode Hool Egge slo eit frispark frå sidelinja. Ballen skrudde inn i lengste vinkel forbi Bergsøy si 2,08 meter høge målvakt.

Bergsøy utlikna til 1-1 på heading av Daniel Kvalsvik i det 57. minutt. Stryn kunne ha knipe alle poenga på overtid då tanksenter Wie hadde ein god sjanse frå kort hald.

Forsvaret med keeper Kjellevoll i spissen var Stryn sin beste lagdel. Bergsøy trilla meir ball enn det robust strynelaget.